Langtidsabonnement:
– Heilårsabonnement kr. 1200,-/1500,- (medlem/ikkje-medlem)
– Halvårsabonnement kr. 600,-/800,-
NB! Feriefolk, bortebuande studentar og eventuelt andre får 50 % rabatt på desse prisane. Kvart enkelt tilfelle vert vurdert med skjøn.
Dei som har oppgitt at dei var eller ville bli medlem då dei bestilte abonnement, vil få fakturert medlemskapet i tillegg saman med alle fornyingar av treningsstudio-abonnementet. Dette for å forenkle vår kontroll av kven som har rett på medlemspris.
Dette gjeld berre for langtidsabonnement. Gje beskjed dersom du ikkje vil vere medlem i idrettslaget lenger, så endrar vi det!
Korttidsabonnement:
– Tre månader kr. 400,-/600,-
– To månader kr. 300,-/400,-
– Ein månad kr. 200,-/250,-
– To veker kr. 100,-/150,-
– Ei veke kr. 50,-/100,-
(for feriefolk, bortebuar-studentar og eventuelt andre)
Praktisk informasjon:
Dei som har kjøpt langtidsabonnement, vil få ein nøkkelbrikke som skal brukast ved ytterdøra
. Ein har då tilgang til garderobe, toalett og treningsstudio. Nærmare info om bruken av døra og treningsstudioet er hengt opp inne og ute.
Merknader:
Langtidsabonnement gjeld frå januar til desember, frå juli til juni, frå januar til juni, og frå juli til desember. Altså samlar vi alle heil- og halvårsabonnement til fornying to gongar i året. Dette for å forenkle administrasjonen.
Dei som bestiller nytt abonnement i løpet av den siste månaden før ordinær start av desse periodene, vil få gratis tilgang desse siste vekene med på kjøpet. Ved bestilling midt i ei langtidsperiode, kan ein sjølvsagt betale for tilgang for heile den perioden, eller kjøpe eit korttidsabonnement i første omgang.