Langtidsabonnement: – Heilårsabonnement kr. 1200,-/1500,- (medlem/ikkje-medlem) – Halvårsabonnement kr. 600,-/800,- NB! Feriefolk, bortebuande studentar og eventuelt andre får 50 % rabatt på desse prisane. Kvart enkelt tilfelle vert vurdert med skjøn.

Medlemskap i Sandsøy IL skaffar du deg her!

Dei som har oppgitt at dei var eller ville bli medlem då dei bestilte abonnement, vil få fakturert medlemskapet i tillegg saman med alle fornyingar av treningsstudio-abonnementet. Dette for å forenkle vår kontroll av kven som har rett på medlemspris.

Dette gjeld berre for langtidsabonnement. Gje beskjed dersom du ikkje vil vere medlem i idrettslaget lenger, så endrar vi det!


Korttidsabonnement:

– Tre månader kr. 400,-/600,- – To månader kr. 300,-/400,- – Ein månad kr. 200,-/250,- – To veker kr. 100,-/150,- – Ei veke kr. 50,-/100,- (for feriefolk, bortebuar-studentar og eventuelt andre)

Praktisk informasjon:

Dei som har kjøpt langtidsabonnement, vil få ein nøkkelbrikke som skal brukast ved ytterdøra. Ein har då tilgang til garderobe, toalett og treningsstudio. Nærmare info om bruken av døra og treningsstudioet er hengt opp inne og ute.

Merknader:

Langtidsabonnement gjeld frå januar til desember, frå juli til juni, frå januar til juni, og frå juli til desember. Altså samlar vi alle heil- og halvårsabonnement til fornying to gongar i året. Dette for å forenkle administrasjonen. Dei som bestiller nytt abonnement i løpet av den siste månaden før ordinær start av desse periodene, vil få gratis tilgang desse siste vekene med på kjøpet. Ved bestilling midt i ei langtidsperiode, kan ein sjølvsagt betale for tilgang for heile den perioden, eller kjøpe eit korttidsabonnement i første omgang.