Det vil i år vere ein påmeldingsfrist tysdag 7. april kl. 23.59. Etter dette vil det bli ein auke i prisane, både ved nettpåmelding fram til skjærtorsdag 9. april kl. 18.00, og ved påmelding i sekretariatet skjærtorsdag kl. 18-20, og på langfredag frå kl. 08. Vi har Vipps og betalingsterminal for bankkort.
Nettpåmelding via EQ Timing
Konkurranseklasse Før fristen: kr 200,- (170,-) Etter fristen: kr 300,- (270,-) Prisen i parantes gjeld for deltakarar med heilårslisens i NFIF. Klasser: Menn/kvinner 13-17, 18-24, 25-39, 40-49, 50-59, 60 +. Mosjonsklasse Før fristen: Kr 120,- (100,-) for vaksne og kr 50,- for born (født 2005 el. seinare). Prisen i parantes gjeld for deltakarar med heilårslisens i NFIF. Etter fristen: Kr 180,- (150,-) for vaksne og kr 100,- for born (2005 el. seinare). Prisen i parantes gjeld for deltakarar med heilårslisens i NFIF. Makspris for familie med inntil to vaksne pluss born kr 400,-. Kontingenten for vaksne mosjonistar og konkurransedeltakarar inkluderer eingongslisens (forsikring). Dei som har heilårslisens frå før, skal betale det som står i parentes. Alle born er også forsikra gjennom påmeldinga. Her er det ingen fråtrekk dersom nokon har heilårslisens. Idrettslaget betaler eingongslisensen utan at den vert lagt på i påmeldingsprisen. Ved nettpåmelding av born i alderen 13-15 år, kan du velge å legge til eingongslisens, eller velge 'Ikkje lisens/ikkje forsikra'. Desse borna er i praksis forsikra gjennom oss uansett. Born under 13 år vert automatisk i kategorien 'NIF barneforsikring'. Landevegsmarsjen Kr 50,- for vaksne og kr 25,- for born (født 2005 el. seinare). Denne prisen gjeld både ved nettpåmelding og i sekretariatet.