Fiskarheimen på Sandshamn

Fiskarheimen er det eldste forsamlingshuset på Sandsøya. Huset var ferdig sett opp i 1910. Over hundre år seinare er Fiskarheimen framleis brukt til å samle folk – no oftast til møter og mattilstelningar, samt konfirmasjonsfestar og gravferdslag.

I 2018 vart det gjennomført eit omfattande renoverings- og oppussingsarbeid i huset, hovudsakleg på toaletta i kjellaren, og på kjøkenet.

Fiskarheimen på Sandshamn – første forsamlingshuset i Sande


I siste halvdelen av 1800- talet var Sandshamn eit av dei største fiskeværa på kysten. I fisketida var her årleg opp mot 1500 fiskarar samla.

Soknepresten hadde såkalla «fiskeværteneste» her. Han samla då fiskarane til møtekveldar eit par gonger i veka og stundom meir. Møta vart haldne i Storebrakka som stod i bakken nord for Låna. Då dette huset vart rive, vart møta haldne på Naustloftet (i 2. etasje på gamlebutikken til Otterlei og Langva) og seinare i kjellaren til Sevrin Støle.

Behovet for eit eige forsamlingshus var stort og fiskarane, saman med folket elles, både på Sandsøya i bygdene rundt, slutta opp om tanken om eit slikt hus.

Det vart skipa foreiningar med føremål å få bygt eit forsamlingshus, m.a. ei «Mands-misjonsforening» der Frans Olsen og Peder Koppen var pådrivarar. Fleire båtlag hadde «Fiskarheimsgarn» i lenkjene og det dei tente på desse garna gjekk til inntekt for ein fiskarheim.

Også sokneprest Aarseth var sterkt interessert i å få eit skikkeleg møtelokale. Han fann det svært ulagleg å halde møte i ein kjellar. Han hadde fått vite at fiskarheimen på Flåvær hadde økonomiske problem og skulle seljast. Peder Koppen ga tomt til huset og soknepresten reiste til Flåvær og kjøpte Fiskarheimen der for om lag 1200 kr.

Tidlegare hadde dette huset vore nytta som forsamlingshus på Folkestad i Volda. Fiskarheimen på Flåvær vart så riven og frakta til Sandshamna og sett opp her. Mykje av dette arbeidet vart utført gratis.

Fiskarheimen stod ferdig og kunne innviast 20. oktober 1910. Dette var det første forsamlingshuset i Sande kommune og vart vigsla av sokneprest Aarseth på ei tilstelling for folket i kommunen. Det første styret var samansett av: Formann, sokneprest Aarseth, lærar O. S. Dyrkoren og postopnar Peder Koppen.