Sjutoppsturen

Sjutoppsturen

Sjutoppsturen går over sju fjelltoppar på Sandsøya, og vert arrangert av idrettslaget langfredag i påska. Løypa er godt merka, så det går fint an å gjennomføre turen også andre dagar i året – både sommar og vinter. Turen har vorte arrangert kvar år sidan 2005.

Løypa er 15 km lang, og byd på variert terreng, med om lag ±1000 høgdemeter. Middels krevjande totalt sett, normalt spreke folk bruker vanlegvis 4-6 timar på turen. Siste delen ned frå Signalen til Hellandsvågane er eit kort stykke svært bratt. Her er det montert solide tau til å halde seg i.

Rekkjefølge, namn og høgd over havet for dei sju toppane er som følger:

  1. Kletten, 130 moh

  2. Kulen, 112 moh

  3. Rinden, 369 moh

  4. Signalen, 359 moh

  5. Hellandsfjellet, 122 moh

  6. Hornet, 215 moh

  7. Grøntua, 250 moh

Det går sjølvsagt an å gå turen også motsett veg.

Meir informasjon kan du finne på http://sandsoyil.no/sjutoppsturen/!